Aktivitet alle kan meistre

Velkommen til Sunnmøre Golfklubb si flotte fotballgolf-bane. 

Bana består av ei 9 hulls bane med par 68 (18 hol). Fotballgolfbana byr på utfordringar og hinder som alle kan meistre. For dei som ikkje er kjende med fotballgollf, handlar det om å få ballen i hullet på færrest spark. I fotballgolf er der hinder som gjer det både spanande å utfordrande. For eksempel kan du måtte skyte rundt ein stolpe, eller gjennom ein vegg. I Fotballgolf er det relativt korte hull, alt i frå 14 til 60 meter. Denne aktiviteten er difor eigna for absolutt alle. 

Ein må berre ta kontakt med sunnmøre golfklubb på post@sunnmoregolf.no eller på Facebook om ein skulle ha spørsmål. På klubbhuset finn ein ballar ein kan låne dersom ein ikkje har sjølv. Det er ikkje noko booking system, men drop inn. For større grupper/klasser og liknande kan det vere fornuftig å avtale tid slik ein er sikker på der ikkje er andre arrangementer, og at der er tilgjengelege fotballar. Vi oppfordrer folk til å nytte grussko eller joggesko. Grassko er ikkje tillatt. Med dette ynskjer vi alle velkommen til å kome å prøve ut den fantastiske fotballgolfbana vår.

Prisar for årskort

Prisar for greenfee