Golfsimulator i klubbhuset!

Golfsimulator i klubbhuset!

Vi ynskjer at overgangen frå golf ute på bana til å spele inne i varmen skal være så liten som mogleg. Det er difor kjekt å informere om at styret i klubben har beslutta å investere i golfsimulator. Med denne investeringa vil ein kunne ha golfaktivitet heile året uavhengig av vær og banetilhøve. Og vi ivrige golfere kan halde svingen ved like året gjennom!  

Det er valgt simulator frå leverandøren Trackman™ og denne vert plassert i dagens Proshop på klubbhuset. Dette er det mest avanserte analyseverktøyet på markedet og vert blant anna brukt på PGA Touren. Radaren registrerer alle nødvendige tal knytta til balltreff, køllehastighet, lengde, spinn etc. og gir deg eit unikt innblikk i alle kritiske parameter i golfsvingen. Kort fortalt vert slaga som om du skulle ha spelt utandørs.

Simulatoren kan også brukast til undervisning, trening og turneringar online. Her kan du spele 18 hol på Pebble Beach, Valderama og St. Andrews. Eller kanskje det fristar med ein tur “Down under” og teste Royal Melbourne?

Meir informasjon om simulatoren og korleis den fungerer finn du her:
http://trackmangolf.com/products/trackman-simulatorhttps://trackmangolf.com/products/simulator

Grunna Korona er det noko usikkert mtp leveringstid av alle komponentar men ein håper å ha alt på plass og simulatoren i gong i løpet av desember.

Prisar og praktiske detaljer rundt bestilling kjem vi tilbake til etter kvart.

Styret, Sunnmøre Golfklubb

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Siste nytt

Interesseskjema

Berre 1500,- for golfkurs + fritt spel første året!

Vurderer du å melde deg inn? Fyll ut skjemaet nedanfor, så kontakter vi deg for ein uforpliktande prat.