Klubbmeistrar 2020 – Elsie og Sveinar!

Klubbmeistrar 2020 – Elsie og Sveinar!

Årets klubbmesterskap vart avvikla i helga og Elsie Hansen og Sveinar Øvrelid gjekk av med seieren.

Etter ei helg med svært varierande vær var det opphald og til og med eit gløtt av sol på avslutningsrunda for dei 23 deltakarane som fullførte. Ein liten heiagjeng tok imot spelarane på vei inn på hol 9, og på klubbhuset vanka det litt å bite i.

Elsie var einaste deltager i dameklassa og slo til med svært godt spel begge dager – 199 slag og 66 Stablefordpoeng totalt. Well done Elsie!

På herresida var det til slutt Sveinar som stakk av med seieren med totalt 163 slag over begge dager. Bjørn Julius Vattøy tok pokalen i Stableford med 74 poeng totalt. John Egil Falkanger og Christer Adrian Mork tok hhv 2. og 3.plassen på slag og i Stableford var det Trygve Sundgot og Anders Oksavik som tok desse plassane. Gratulerer til alle!

Honnør til alle som trassa vær og vind og deltok i klubbmesterskapet denne helga 🙂

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Siste nytt

Sov godt, golf bedre!

Golfpakke i samarbeid med Sunnmøre Golfklubb 9-hols parkbane i naturskjøne omgjevnadar med utsikt mot Sunnmørsalpane.

Interesseskjema

Berre 1500,- for golfkurs + fritt spel første året!

Vurderer du å melde deg inn? Fyll ut skjemaet nedanfor, så kontakter vi deg for ein uforpliktande prat.