Oppsummering av sesongen 2020!

Oppsummering av sesongen 2020!

Noko av det ein oppnådde av resultat denne sesongen:

  • Strategidokument er utarbeida og definerer langsiktige planar for drift av Sunnmøre Golfklubb. Etablering av Visjon, Mål og Verdier har vore viktig for å tydeliggjere ambisjonar om vidare utvikling av klubben. Vi oppfattar også at dette er positivt motteke av både medlemmer, samarbeidspartnere og omgjevnadane generelt.
  • Ny heimeside på plass juni 2020
  • Tett og godt samarbeid med mange av sponsorane – svært viktig for klubben
  • Rekruttering – ca 90 nye medlemmer!
  • Stort antal aktivitetar og sosiale turneringar
  • Stor dugnadsvilje blant medlemmer – spesielt må seniorgruppa framhevast
  • Fleire gode artiklar i Vikebladet – god PR for klubben
  • Bana er i betre stand enn på mange år
  • Ballnett på driving
  • Samarbeid med NAV om ressursar til klubbhus og bane
  • Damegruppa er i gong igjen med ny leiar
  • Oppgradering av maskinpark
  • God auke i sponsorinntekter
  • Betalingsautomat på driving range

Planar for sesong 2021:

  • Ytterlegare fornying av maskinpark (prioriteringar nødvendig)
  • Prosjekt Footgolf/frisbeegolf skal settast i gong
  • Simulator og overbygd DR
  • Fadderordning for nye medlemmer må vidareførast og utviklast
  • Sommargolfskule for barn og ungdom
  • Fortsette rekrutteringsarbeidet – fokus på fleire jenter/damer/unge
  • Pushe på vidare samarbeid med skular og kommune
  • Kafedrift i klubben

Styret, SGK

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Siste nytt

Interesseskjema

Berre 1500,- for golfkurs + fritt spel første året!

Vurderer du å melde deg inn? Fyll ut skjemaet nedanfor, så kontakter vi deg for ein uforpliktande prat.