Invitasjon til lagserie 2020!

April 24, 2020

SGK ønsker å invitere alle medlemmar til lagserie i matchplay 2020. 

 

Denne serien er åpen for alle uansett handicap. Kvar match består av 2 lag med 2 spelarar. Det er mulig å melde på opptil 4 spelarar på kvart lag og laget står fritt til å bestemme kven som skal representere laget for kvar match. Kvart lag må utnevne ein kontaktperson for avtale tidspunkt for kvar kamp. Vi ynskjer at Lagserien skal vere eit lavterskeltilbud som kan gi ein mjuk inngang til turneringsgolf.

NB Vi trenger minimum 8 påmeldte lag for å arrangere dette så ikkje vent med å melde dokke på! 

 

Speleform

Lagserien blir spelt som fourball matchplay over 9 hol. Det blir innledande gruppespel som vil avgjere seeding for utslagsrundene. Kvart lag i gruppa avtalar kampane seg i mellom innanfor eit gitt tidsrom.

Resultatet sendast på epost til bjornv@islandoffshore.com og kbjaasta@online.no, og skal sendast i formatet: Lag A: X antal vunne hol – Lag B: Y antal vunne hol.

 

Matchplay

I matchplay blir poenga telt i antal vunne enkelthol. På kvart hol kan laga oppnå eit poeng. Det laget som brukar færrast slag på eit hol, vinner holet og mottar 1 poeng. Viss laga brukar like mange slag blir holet "delt" og ingen poeng blir gitt. Laget med flest poeng etter 9 hol har vunnet match’en og får 2 poeng.

 

Fourball

Alle spelarane spelar med kvar sin ball, men kun det beste resultatet innad i kvart lag på kvart hol er tellande.

 

Meir om reglar og terminologi om fourball matchplay kan lesast her: https://www.golfforbundet.no/assets/ngf/files/spiller/turneringer/Klubbserien/four-ball-match-og-spillehandicap.pdf

 

Praktisk informasjon

Startkontingent: kr.800 per lag

Innbetaling: Kontonr 6568.05.37059, eller søk opp Sunnmøre Golfklubb på Vipps (#76546)                 gå til turneringer – Diverse turneringer og merk betalinga med Lagserie + Lagnamn.

Påmelding: send lagnavn, kontaktperson, mobilnr og epost til bjornv@islandoffshore.com og kbjaasta@online.no

Påmeldingsfrist: mandag 18. mai


Kom igjen og meld dokke på - dette blir kjekt! 

 

Vennleg helsing

Eventkomitteen

Sunnmøre Golfklubb

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Siste Nyheter

04/07/2020

Please reload

Arkiv