Onsdagsturneringar 2020 - frå onsdag 6.5!

May 1, 2020

NGF har no gitt klarsignal til å arrangere lukka klubbturneringar. 

 

Vi ønsker derfor å invitere alle medlemmar av Sunnmøre Golfklubb til ein ny sesong med onsdagsturneringar og Order of Merit.

I år blir det til å begynne med litt spesielt på grunn av COVID 19 og restriksjonene som FHI og NGF pålegg idrettsarrangement.

 

Første turnering blir f.k onsdag 06.05.2020.

På grunn av restriksjonar er det ikkje lov med shotgun start. Det vert derfor kontinuerlig start frå

17:00 fram til 18:10. Dersom dette ikkje passar for alle er vi fleksible men det er eit sterkt ønske at alle deltakarar slår ut innanfor dette tidsrommet.

 

Det vil i første omgang ikkje bli laga til scorekort som tidlegare år. Kvar enkelt må fylle inn; navn, hcp, antall slag og navn på markør. Markør må brukast utan at ein fysisk byttar scorekort. Scorekort blir lagt i ei kasse på klubbhuset der skal dei også leverast tilbake når du er ferdig spelt. 

 

Praktisk informasjon

Påmeldingsfrist: tirsdag 20:00 (inntil anna informsjon blir gitt) 
Speleform: Stableford - vi vil etterkvart også ha speleformer som Scramble og Fourball. 

 

Vi oppfordree alle til å lese nøye gjennom NGF sine rettningslinjer for arrangering av klubbturneringar i link under: 
 

https://www.golfforbundet.no/assets/ngf/files/klubb/organisasjon/korona-lukkede-klubbturneringer-og-handicaptellende-runder-280420.pdf?fbclid=IwAR3fgebPDmXxe4e7J0ELZrd-PnRWdbqBiOAamg_Z5op_yY_vnYzqeC1wxlI

 

 

Med venleg helsing

Eventkomiteen

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Siste Nyheter

04/07/2020

Please reload

Arkiv