Tysdag denne veka signerte Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Sunnmøre Golfklubb ein ny 3-årig samarbeidsavtale for 2021 – 2023.
Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Sunnmøre Golfklubb har hatt eit godt samarbeid over fleire år og det er svært gledelig at ein no har fått på plass eit utvida samarbeid og ein god avtale for begge partar. Klubben har ønska å få på plass ein hovudsponsor og er svært glade for at Sparebank1 Søre Sunnmøre vil fylle denne rolla dei neste åra. Som eit ledd i avtalen bidreg banken også med gavemidler slik at ein kan realisere fleire viktige prosjekt for klubben:
- Trackman Golfsimulator
- Etablering av Fotballgolf
Desse tilboda er med på å bygge opp under Sunnmøre Golfklubb som ein aktivitetsarena, for alle aldersgrupper og uavhengig av bakgrunn, kjønn og alder. Det er svært viktig og utrulig kjekt å ha eit samarbeid med ein lokal bank som ser verdien av gode lokale tilbod.
Med helsing
Styret, Sunnmøre Golfklubb