Trackman simulator open for spel frå 19.12!

Trackman simulator open for spel frå 19.12!

Det er kjekt å melde at vi endelig har fått på plass Trackman simulator på klubbhuset i Hovden. Vi opnar for spel laurdag 19.desember.  

Vi er svært takksame for bidraget i form av gåvemidlar frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre som gjorde dette mogleg.  Det vert offisiell opning med Sparebank1 Søre Sunnmøre og lokal presse til stades over nyttår – annonsering av dette kjem.

Vi har installert eigen software frå Trackman på simulatoren der mellom anna putting og nærspel er svært forbetra! Trackman er kjent som ein desidert nummer 1 innan radarteknologi nytta i golftrening og tilpassing av utstyr.

Ein Trackman simulator kan brukast på same måte som ein annan golf-simulator men opnar i tillegg døra for utruleg myke meir! Dette er eit seriøst treningsverktøy som vert brukt av «alle» tour-spelarar. Lista over golspelarar som brukar Trackman i si trening er bortimot identisk med lista over dei beste golfpelarane i verda. Det er rett og slett eit fantastisk verktyg til både trening, instruksjon, kølletilpassing og no også til innandørs golfspel.

Praktisk informsjon og bestilling
Du bestiller tid for simulatorspel i Golfbox. Klubbmedlemmar kan bestille tid inntil 14 dagar i forkant, andre utanfor klubben inntil 5 dagar i forkant. Når du finn ei tid du ynskjer å bestille klikkar du på denne. NB Det skal kun leggast til ein person i bestillinga for kvar time.  

Vær merksam på at om du skal bestille meir enn 1 time må du gjenta bestillinga for kvar time du vil spele.

Betaling foregår gjennom Vipps til Sunnmøre Golfklubb (#76546) ved booking i Golfbox. Det er ikkje mogleg å betale på andre måtar og det er viktig at betaling vert gjort umiddelbart etter bestilling.

Ved bruk av simulator må du være ute av simulatoren når timen er over slik at neste gruppe kan starte presis.

Bestilling av simulator her

Pris for spel 2020/2021:

TidspunktTimepris
06.00 – 16.00 kvardagarkr. 200,-
16.00 – 24.00 kvardagarkr. 300,-
06.00 – 24.00 helgkr. 300,-

Det er mogleg å bestille ei fast tid kvar veke gjennom vinterseosngen (ut April 2021). Du får då 20% rabatt på prisen.  

Ta kontakt på post@sunnmoregolf.no om du ynskjer fast simulatortid gjennom vintersesongen.

Tilgang til klubbhuset
Vi har no skifta adgangskontroll til alle dører på klubbhuset. Det betyr at tidlegare adgangskort ikkje fungerer lenger. Vi har fått nye brikker og klubbhuset er no låst. Dette er eit nødvendig tiltak no når simulator er på plass og vi har behov for å halde klubbhuset låst heile døgnet.

Alle medlemmer som skal ha tilgang får registrert nye brikker med eiga personleg kode.

Ta kontakt på post@sunnmoregolf.no så set vi i gong produksjon av brikker og koder til alle som treng dette. Om vi alle er litt tålmodige så ordner dette seg fint.

God julehelsing frå styret, Sunnmøre Golfklubb

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Siste nytt

Interesseskjema

Berre 1500,- for golfkurs + fritt spel første året!

Vurderer du å melde deg inn? Fyll ut skjemaet nedanfor, så kontakter vi deg for ein uforpliktande prat.