I samarbeid med
Velkommen til Sunnmøre Golfklubb
Praktfull 9-holsbane på Sunnmøre.
Prøve golf?
Medlemskap
Greenfee
Årsmøte 2020 – endra til digitalt møte

Nyheiter
Flotte skispor på Golfbana
No har det blitt trakka opp flotte skispor på golfbana. Dette er det Sørøyane Røde
Simulator – open for booking igjen!
Som annonsert på medlemssida på Facebook tidlegare i dag har klubben fått godjenning frå smittevernlegen
Innkalling til årsmøte 28.januar
Det vert herved innkalla til årsmøte i Sunnmøre Golfklubb torsdag 28.januar 18:00 i klubbhuset. Forslag
Historie og baneinfo
Sunnmøre Golfbane ligg i Hareid kommune, like utanfor Ålesund. Bana ligg i Hovden – ca. 4,5 km frå Hareid sentrum langs Riksvei 61.
Bana, som er designa av Tor Eia, er ei opa og fin parkbane som ligg i fine omgivelsar med mykje vatn og elvar rundt og på bana. Frå klubbhuset har ein utsikt mot Sunnmørsalpane i søraust og delar av bana. Frå uteområdet på framsida har ein utsikt mot green på hol 9, hol 7 og øvingsområdet som er tilrettelagt like ved klubbhuset. Driving rangen ligg like ved parkeringsplassen på baksida av klubbhuset.
Bana har 8 vatn i spel, samt fleire elver og sidevannshinder, noko som er med på å auke bana si vanskeligheitsgrad. 3 av hola er par 5, noko som resulterer i at banens par er 74. Verdt å merke seg er hol 6 som er banens signaturhol samt hol 7 med vakker utsikt med klubbhus og Sunnmørsalpane i bakgrunnen.
Klubben blei stifta som Ulstein Pitch & Putt klubb i 1989, men skifta seinare namn til Sunnmøre Golfklubb under prosjekteringa av bana i år 2000. Klubben kan tilby ei vakker 9-hols bane, proshop og gode treningsfasilitetar. I klubbhuset finn ein Cafè Tap-in, kontor og konferanserom. I kjellaren på klubbhuset er det garderobe, med alle fasiliteter, samt moglegheiter for å leie skapplass.
Berre 1500,- for golfkurs + fritt spel første året!
Vurderer du å melde deg inn men sitt med spørsmål? Fyll ut skjemaet nedanfor, så kontakter vi deg for ein uforpliktande prat.